torsdag 24. mars 2011

Incredible India

Sidan sist har me vore 20 dagar i India, og to dagar i Singapore, og her kjem ei oppdatering frå det me har opplevd.

På førehand hadde me høyrd mykje om India, både positivt og negativt, så før me drog frå Noreg bestemte me oss for å vere med på ein organisert tur her, for tryggleiken si skuld. I ettertid ser eg at det gjorde me rett i.

Første opplevinga vår av India var då me skulle ta taxi frå flyplassen til hotellet der me skulle møte gruppa vår. Ein utruleg masete trafikk heilt utan system, kombinert med ein overvenleg taxisjåfør som stoppar på vegen for å kjøpe vatn til oss (som sjølvsagt oppførte seg slik fordi han ville bli tipsa mest mogleg), kan bli litt for mykje for to smånervøse norske jenter som nettopp har sett sin fot i India for første gong. Me pusta letta ut då me, etter nesten ein time, kom heilskinna fram til hotellet etter at taxisjåføren hadde køyrd feil nokre gongar.

Turen var gjennom GAP Adventures, og etter kvart fekk me møtt folka me skulle reise rundt i India med. Me var til saman 15 personar frå fleire land rundt om, m.a. Canada, England, Austerrike, Tyskland, Nederland, USA og Noreg, og omtrent halvparten var folk som kom reisande åleine. Det var hyggelege folk, og me har verkeleg fått øvd oss på både engelskkunnskapar og "small talk", dessutan har me hatt fleire å dele dei fine opplevingane med. Guiden vår er rundt 30 år og er frå India, og ville bli kalla Perry sidan få klarte å uttale hans indiske namn. Han tok oss med på ein rundtur i det nordlege India, der ruta gjekk frå Delhi via Jaisalmer, Jodhpur, Udaipur, Pushkar, Jaipur, Agra og Varanasi tilbake til Delhi. Heile vegen tok me lokal transport, som tog, buss, båt, taxi, tuk tuk og sykkeltaxi.

Delhi var ein stor og kaotisk by, så det var godt å kome til den litt mindre byen Jaisalmer. Det første me låg merke til der var at det gjekk kyr midt i bygatene. Overalt var det kyr, og det var heilt akseptert at dei gjekk og opphaldt seg der dei ville. Me hadde på førehand høyrt at kua er heilag i India (pga hinduismen), men akkurat kor mykje visste me ikkje, så det var ei morosam oppleving i seg sjølv. Men det er ikkje berre kyr ein kan støte på i bygatene i India, i tillegg til bilar, menneske og mopedar, kan ein heilt normalt kome over tuk tuk'ar, syklar, grisar (med hanekam!), søppel, hundar (nokre døde), apekattar, kamelar, elefantar, esel, køyrande okser, kubæsj (som bring lykke om ein tråkkar i han), hest med vogn, og, for ikkje å gløyme, nokre få turistar som ser heilt malplasserte ut.

Hinduismen er den desidert største religionen i India, og praktiseringa av denne religionen gjennomsyrar store delar av samfunnet og dagleglivet til folk. Sentralt i hinduismen og India er kastesystemet, og det å tru på karma (skjebnen). Det fekk me oppleve på nært hald. Det seiast at India er eit ganske rikt land, men når nesten halvparten av landet si befolkning er analfabetar og lev i fattigdom, byrjar ein å lure på kvifor ikkje fattigdomen er noko som blir forsøkt gjort noko med. I hinduismen blir ein fødd i ein spesifikk kaste, og det er høgare og lågare nivå av desse kastane. Er ein fødd i ein høg kaste, har familien pengar og ein kan ta utdanning og få seg ein god jobb, men om ein er fødd i ein låg kaste er ein som oftast fødd i fattigdom, og har avgrensa moglegheitar i livet sitt. Dei som er av den lågaste kasten, får t.o.m. ikkje lære å lese og skrive, og må klare seg med veldig lite. Det som kanskje forundra oss mest er at indarane godtar dette, og få prøvar å gjere noko med det. I tillegg til karma, trur dei også på reinkarnasjon, og om ein er fødd i ein lågare kaste, så er det pga noko dårleg ein har gjort i sitt tidlegare liv. Slik er det berre, og ein må godta livet sitt slik det er. Me såg lett kven som var av høg kaste, sidan desse folka som oftast hadde merkeklede, fekk stille seg først i køar og fekk andre til å yte service for seg, utan at nokon klaga på det. Religionen har ein så stor plass i dagleglivet, noko som gjer at indarane ikkje ser på fattigdomen som noko stort samfunnsproblem. Det var lettare å forstå kvifor det er slik i India, når ein skjønar grunnen bak, men til tider kunne det likevel vere vanskeleg å godta det.

Eit anna døme på at me opplevde kastesystemet på nært hald var med guiden vår. Perry, som er av kongeleg slekt, er nok av den høgaste kasten, og me opplevde stadig at han kommanderte andre indarar rundt seg i løpet av turen. Det var ikkje noko me syntes så mykje om, likevel naut me nok godt av å ha akkurat han som guide, sidan ting alltid ordna seg og me budde på fine hotell med bra fasilitetar. Me var også og besøkte heimen hans i Udaipur, og det som møtte oss var eit lite minipalass i massiv marmor, riktig nok under oppussing, men likevel fint. Der fekk heile gruppa servert te av ein av tenarane til familien, noko som igjen minna oss på forskjellen det er mellom folk i India pga. kastesystemet.

Sightseeing blei det mykje av på turen, og me fekk sett mange kjente bygningar og fort, men me fekk også opplevd mykje utanom. I ørkenen utanfor Jaisalmer fekk me ridd på kamel og overnatta i telt (som var store som hotellrom og hadde eige bad) på eit kamelresort, og på landsbygda utanfor Jodhpur fekk me besøkt lokale familiar som dreiv pottemaking eller teppeveving som levebrød. Hos ein av desse familiane fekk me også prøve på tradisjonelle indiske klede, som ”sari” for jentene og turban for gutane. I India er det veldig forskjell på korleis kvinner og menn kler seg. Kvinner brukar ofte ”sari”, som er ein florlett drakt i ein sprek farge beståande av eit langt skjørt med tilhøyrande topp og sjal som skal dekkje skuldrer og bryst. I tillegg har dei kastemerke i panna, og det finnast mange ulike versjonar av dette, både moderne og meir tradisjonelle. Menn kan kle seg korleis dei vil, men nokre stadar er det vanleg med turban.

I Udaipur fekk me også vore med på eit matlagingskurs der me fekk lære å lage nokre vanlege indiske rettar, samt indisk ”masala chai” som er ein spesiell te med ein del krydder og mjølk i. Sistnemnte fekk heile gruppa dilla på under turen. Under besøket i Pushkar gjekk heile gruppa på ein liten topptur der me fekk med oss soloppgongen før frukost, noko som var veldig stemningsfullt. Pushkar er forøvrig den mest heilage byen i India, og verken alkohol eller ikkje-vegetarmat er lovleg her. Jaipur var byen der me var på kino og såg ein ekte bollywoodfilm, og i Agra var me sjølvsagt og fekk sett det kjende gravmausoleet Taj Mahal. Det er kanskje det folk flest forbind med India, og var noko av det finaste me såg på heile turen. I Varanasi fekk me også oppleve båttur på den heilage elva Ganges, både ved solnedgong og soloppgong. Ved solnedgong fekk me sett dei kjende kremeringsrituala ved elvebreidda, og ved soloppgong fekk me sett folk som vaska kle og bada seg. Ganges er jammen meg ei mangfoldig elv, men eg trur ikkje eg ville ha bada der.

India har gjort inntrykk, både på godt og vondt. Noko av det me tykte var mest slitsamt, var den konstante, høge og ubehagelege tutinga i trafikken. Det blei tuta heile tida, uansett om det var til nytte eller unytte. Me hadde nokre dagar der me var litt sjuke i løpet av turen, og når ein er sliten vert tolmodet ekstra lågt, så me hadde nok ein del periodar då der me ønska at me var heime i dei stille og rolege heimbygdene våre. Ein anna ting som me tykte blei slitsamt i lengda, var at det var så skite overalt. Reine gater er ikkje første prioritet i India sine byar, og er kanskje noko me har tatt for gitt heime, og overalt var det søppel, støv og bæsj, både kubæsj, hundebæsj, fuglebæsj, grisebæsj og t.o.m. menneskebæsj!

Fleire gongar kunne me sjå ungar (og nokre gongar vaksne) sitje på huk i gategrøfta der dei gjorde sitt fornødne. Fokuset på hygiene er nesten ikkje-eksisterande.

Det er vanskeleg å forklare med ord korleis India er, men ein kan trygt sei at India lev i fleire århundre på ein gong. I gatene kan ein sjå alt frå nye fine bilar til okse med vogn. India har vore kaotisk, intenst og slitsamt, men me sit likevel igjen med følelsen av at det er eit fantastisk land. Sjølv om indarar i nokre tilfelle kan oppføre seg spesielt, har me likevel fått oppleve at dei kan vere opne og varme, og som gjerne tek deg med inn i huset sitt og visar deg sjenerøsitet og respekt. Dessutan har landet så mykje å by på i.o.m. at det er så stor diversitet, både frå nord til sør, vest til aust. Me har opplevd veldig mykje på desse 20 dagane, det har gjort oss slitne, men me har også blitt mange erfaringar rikare.Landet har verkeleg svart til alle forventningar me på førehand hadde, og sansane har fått seg eit sjokk. Me har nok blitt litt påverka av India, anten me likar det eller ikkje. Som Lotte sa, og som det kanskje er noko sanning i, er at ho er meir kynisk enn ho trudde. Med det meinar ho at me har takla fattigdomen og elendet me har sett på ein forholdsvis kynisk måte, at me ikkje har latt det gå så veldig inn på oss. Kanskje det hjelpte for oss at me allereie hadde reist rundt i Asia før me kom til India, slik at det ikkje var noko særleg nytt, det me såg. Ei anna forklaring kan vere at det var ein måte for oss å takle det på ved å skubbe det litt vekk frå tankane. Me fekk beskjed om å ikkje gi pengar til folk som tigga, sidan det berre ville oppmuntre til meir tigging, og det sette spor i samvitet å seie nei og riste på hovudet om igjen og om igjen. Derimot kunne me heller gi mat eller penn/papir til ungar som tigga, noko som forhåpentlegvis kunne vere til nytte. Alt dette fekk oss stadig til å tenke på kor heldige me er som er fødd og vakse opp i Noreg.

India er eit rikt land, og med det meinar me at det er rikt på opplevingar, kultur, severdigheitar, religion, folk, lydar, luktar, fargar og mykje meir. Det er eit land ein anten elskar eller hatar, og den einaste måten å finne ut det på er å besøkje landet med ein god dose tolmod og respekt.

Etter India var me to dagar i Singapore, og det var veldig godt å kome til rein by etter at me hadde sett oss lei på all skiten i India. Me forlot Asia for denne gong den 22. mars, for å fortsetje reisa vår i Australia i nokre veker. Det blir godt å vere i rikare land etter nesten tre månadar i Asia, og me har no nådd ein ny milepæl på reisa vår jorda rundt.

mandag 21. mars 2011

Incredible India i bilder

Her kommer India i bilder. Enjoy!



Vi fikk være med på en lokal hinduistisk seremoni. Her måtte vi dekke til hodet og fikk kastemerke i panna.


Hakekors/solkors kunne vi finne over alt, men i India betyr det lykke. Det var her det hadde sin opprinnelse lenge før andre verdenskrig.





"Teltet" vi bodde i på kamelresort i ørkenen.



Det hadde til og med et eget stort bad.





Kamelridning =)





På tur i ørkenen...






Vår smilende kamel med fører.





"strike a pose" (legg merke til guiden vår, Perry, på nesen til kamelen)




"Ane killed the kamel"





Vakker solnedgang.




Den blå byen Jodhpur.



En inder...




På landsbygda utenfor Jodhpur, besøkte vi familier som drev med pottemaking.





Mange sjarmerende barn...



... som poserte villig.






"One pen" ropte de etter oss da vi dro.




Vi fikk komme inn i hjemmet deres og se hvordan de hadde det.





Vi fikk være vitne til en opiumseremoni (!!!)




Vi fikk prøve på tradisjonelle indiske klær. Sari for jentene og turban for guttene. Disse tre er fra Canada.






Noen av hotellene hadde fine fasiliteter med bl.a. basseng.





Bursdagen til Lotte ble feiret med kake =)







I Udaipur var vi med på matlagingskurs, der vi fikk lære å lage indisk mat






Resultatet.





Klesvask ved innsjøen i Udaipur.





Fikk også være med på indisk danseshow.




Utenfor hotellet i Pushkar fant vi skilpadder.





Lotte lurte på hva som var fram og bak...





Soloppgang på en fjelltopp.





Spirituelt.



...med mange fasinerende ville apekatter.




Ser du likheten??









Småbarnstreff?




Kaotisk trafikk i India.




Det kom til og med en elefant vandrende.



Morsomt på sightseeing


...



Måtte få med oss en bollywoodfilm.



Baby Taj i Agra.


Taj Mahal i solnedgang.

Taj Mahal i soloppgang.





Jordekorn så vi masse av i India.


Togstasjonen i Agra. Glaning måtte vi finne oss i...


Båttur på den hellige elva Ganges i solnedgang.



Vi fikk se en hinduistisk seremoni.


Dagens bad var vanlig å ta ved soloppgang.


Livet ved elvebredden.







Kanskje ikke så hygienisk...







Ble litt skeptiske da vi dagen før hadde levert klær til vask på hotellet...