lørdag 4. juni 2011

Praktfulle Peru

Beklagar at det har tatt lang tid med dette innlegget, men av og til blir ein litt tiltakslaus slik at ingenting fristar... Men her kjem no eit ærleg forsøk. :)


Etter nokre små timar på fly frå San Jose, landa me i Lima, hovudstaden til Peru, den 23. mai. Me hadde opprinneleg tenkt oss direkte vidare til Cusco, men sidan det passa dårleg med fly vidare same dag, måtte me overnatte ei natt i Lima. I Lima budde me i området Miraflores, som eg trur er ganske sentralt i forhold til bykjernen. Hostellet hadde iallfall ein fin park og mange kafear og butikkar som næraste naboar, og me blei difor positivt overraska over Lima (ettersom me tidlegare har høyrd mest negative ting om byen).


Neste morgon tok me eit tidleg fly til Cusco. På veg til hostellet blei me loppa for pengar av "taxisjåføren" (fant seinare ut at me betalte over dobbel pris av det som er vanleg), men lykkeleg uvitande som me var, kosa me oss over at me no var komen til Cusco.


Me fant fort ut at Cusco er ein turistifisert, men veldig koseleg by. Cusco ligg på ca 3400 meters høgd og har om lag 322000 innbyggjarar. Det er ein gamal by med mange smale og bratte brusteinsbelagde gater omkransa av enorme inca-bygde murar, og på dei mange opne plaza'ene finn ein for det meste turistar, lokale seljarar og lokale som har kledd seg i typiske inca-/perudrakter.


Me budde rett i nærleiken av hovudplaza'en, Plaza de Armas. Annakvar bygning som omkransar Plaza de Armas er anten ein restaurant, butikk eller eit hotell, og det var verkeleg merkbart at byen sin økonomi er omtrent totalt basert på turisme. Mange turistar har base her når dei skal besøkje Machu Picchu.





Plaza de Armas




Viva el Peru!



På oppdagingsferd i Cusco sine sjarmerande gater (her hadde du nok likt deg mamma ;))






Plaza de Armas






Plaza de Armas





Cappuccino på kafe :)






Mange lokale damer dressa seg opp i fine drakter og poserte villig med lamma sine på bileta til turistane (mot eit par soles sjølvsagt..)





Etter eit par-tre dagars akklimatisering, var det tid for den etterlengta fjellturen til Machu Picchu. Sidan me var for seint ute til å få plass på ein av turane opp den kjende Inca-stien, bestilte me oss ein anna, kanskje like bra tur til Machu Picchu. Denne gjekk via (dvs. ved sidan av) det mektige Salkantay-fjellet, og varte fem dagar og fire netter, der dei fire første dagane blei brukt til gåing og den siste dagen på Machu Picchu. Salkantay-turen var ei fantastisk oppleving, og det var godt å kome seg ut i naturen igjen og vere aktiv. Det blei tatt veldig mykje bilete i løpet av turen, men her kjem eit knippe med litt forklaringar.





DAG 1




Den første dagen blei me henta grytidleg (ca kl. 0500) på hostellet i Cusco, og deretter køyrd til Mollepata, ein liten landsby der me skulle byrje å gå frå. I bilen fekk me møte resten av gruppa vår som me skulle gå saman med, og det var briten Josh på 19 år, og norskane Silje (26) og mora Julie. Me fekk også møte guiden vår Kenny, og kokken vår med sin assistent.




På dag 1 starta me på 2900 m.o.h. og gjekk for det meste slakt oppover på grusveg, med nokre hardare parti med oppoverbakker. Me brukte ca seks timar, med lunsj, fram til første camp, og gjekk ca 19 km.




Utsikta på første delen av dag 1






Humøret på topp ved første pause





Som ein del av servicen på desse turane, får me frakta noko av våre personlege eigendelar og me får servert alle måltida per dag. Difor hadde me med oss vår eigen kokk og hans assistent, og dei laga mat til oss, sette opp telta våre og dreiv hestane som bar utstyret vårt, samt alt campingutstyret. Me blei nesten brydd av kor mykje og kor god service me fekk, og alt i alt blei det difor ein kjempebra tur.


Plutseleg blei me tatt igjen av pakkhestane som bar alt utstyret. Bak kom nokre lokale drivarar småspringande, som om det var den lettaste tingen i verda å halde følgje med hestane








Då me kom fram til lunsjplassen, var bordet alt dekka og maten omtrent klar






Det traskast i veg oppover dalen






Posering for bilete må til...






Mektige Salkantay kunne sjåast på slutten av dag 1






Siste del inn til første camp





DAG 2




På dag 2 starta me på ca 3900 m.o.h., og gjekk opp til 4650 m i løpet av dei to første timane. Dette skulle vere den hardaste dagen, og det merka me godt i heile kroppen, då lufta var tynn og beina gele oppover dei bratte bakkane rett før me nådde toppen.





Det blei ein del småpausar på vegen oppover








Utsikt mot dalen der første camp var






På stien under oss kunne me sjå hestefolka som omtrent kom joggande oppover. Dei passerte oss kanskje to minutt etterpå...





To slitne skrottar nådde toppen (Salkantay-passet) til slutt, og me skal ærleg innrømme at me ikkje har vore så slitne på lang tid. Men kva kan ein forvente når det har gått fem månadar utan trening, og lufta i tillegg er ein smule tynnare enn vanleg...? Godt var det uansett å kome til toppen, og alt slitet blei fort erstatta med mestringskjensle og godt humør.









Salkantay-passet på 4650 m.o.h. (bak f.v.: Kenny, Josh, Silje og Lotte, foran f.v.: Julie og Ane). Til høgre for oss ligg Salkantay med ei høgd på ca 6200 m.





Så bar det nedover dalen igjen, på andre sida. Her kom sola fram, humøret steig mange hakk, og utsikta blei nytt til det fulle.





Nedover dalen











Salkantay var også med litt nedover dalen...





Stien me kom gåande på





Litt skodde kom drivande i ny og ne



Etter ca to timar var det endeleg tid for lunsj.







Hestane fekk seg også ein velfortent kvil






Kvile og mat. Her fekk alle tatt seg ein liten lur i sola, noko som gjorde godt etter den harde motbakken tidlegare på dagen





Nokre av oss fekk også litt hovne hender i løpet av turen. Lotte prøvar ut ein ny metode for å bli kvitt hovenheita





Etter lunsj skal alt pakkast saman. Slik gjer ein det ved bruk av ein litt nervøs hest (legg merke til tørklet over hestehovudet)



Så var det berre å fortsetje vidare nedover dalen.





Ane på veg





Etter tre timar kom me endeleg fram til campingplassen for natta (2900 m.o.h.). Her var sjølvsagt alle telta ferdig slått opp og klar til bruk. Då hadde me brukt ca ni timar på 19 km.






Lotte og eg hadde det teltet som er i midten bak. :)





DAG 3





Då me vakna på dag 3, var me stiv og støl både i rumpe, leggar og lår, men det var likevel godt å kjenne at ein igjen hadde brukt kroppen. Me blei som vanleg vekt tidleg av kokken som serverte oss coca-te i teltopninga, noko som var innmari koseleg, og me kom oss avgarde i rimeleg tid.


Utsikt i byrjinga av dag 3. I dalen hadde det tidlegare gått eit ras, som hadde øydelagd den opprinnelege turstien, så me gjekk på grusveg stort sett heile vegen






Me møtte også på nokre kyr på vår veg



Me gjekk ca 14-15 km på 4,5 t fram til lunsj. Etter lunsj blei me frakta med bil til camp 3 (ca 2000 m.o.h.), som låg rett ved landsbyen Santa Teresa.








DAG 4





På dag 4 gjekk me på grusveg og langs toglinja til Aguas Calientes.





Frukosten på dag 4 bestod m.a. av kake som kokken hadde laga til oss. Kokken er han som tittar opp i bakgrunnen :)






Fram til lunsj gjekk me oppover ein dal






Kjekt med fint vêr :)



Etter lunsj gjekk me langs toglinja som førte fram til byen Aguas Calientes, som ligg rett nedanfor Machu Picchu.





Gå langs toglinja sa du...?







Etter å ha brukt ca 6 timar på 24 km, kom me endeleg fram til Aguas Calientes (2010 m.o.h.) utpå ettermiddagen. Det var ein koseleg liten by, men som sjølvsagt var prega av all turismen. Her tilbrakte me natta på hotell, noko som var inkludert i prisen på turen, og det var herleg å endeleg kunne dusje igjen etter fire svette dagar.






Aguas Calientes





Toglinja inn til byen





DAG 5






Dag 5 var sett av til Machu Picchu. Kvelden før hadde me fått tips av Kenny om at me burde kome oss opp dit med ein gong dei opna for å få tak i billett opp til Huayna Picchu, fjellet som ein kan sjå i bakgrunnen på det mest kjende postkortmotivet frå Machu Picchu. Det vert delt ut berre 400 stk per dag som vert delt ut ved opningstid, og det er kamp om å få tak i desse. Difor måtte me kome oss med ein av dei første bussane opp, der den første går halv seks om morgonen. Kenny fortalde oss at busskøen i Aguas Calientes byrja allereie kl. 03 om natta(!), så det blei til at me (for første gong i vårt liv) stod opp kl. 0230. Me kom oss i kø til kl. 03, og då var me t.o.m. ikkje dei første som var der, og me satt i kø i 2,5 t (ja, det høyrast heilt vilt ut, men det var så definitivt verd det!). Me kom oss på første bussen, og me fekk kvar sin billett opp til Huayna Picchu (jippi!).



I kø kl. 03 om natta(!) for å få tak i Huayna Picchu-billett









Kaffe og kortspeling fekk tida til å gå fort :)








Synet som møtte oss først då me kom inn på Machu Picchu











Kenny, den koselege guiden vår :)








Aller først fekk me ei guida omvising i dei gamle ruinane. Sola stod opp ei stund etter at me kom opp.





Oss med Machu Picchu og Huayna Picchu i bakgrunnen







Machu Picchu ligg på omlag 2200 m.o.h., og dei gamle inkaruinane er over 500 år gamle





Me syntes det var kjempeartig med alle lamaene som gjekk og beita inne på Machu Picchu








Me fekk t.o.m. eit nærbilete av dette fasinerande dyret :)



Så blei det til at me traska oss oppover til Huayna Picchu (2667 m.o.h.). Det tok ca ein halvtime opp alle dei bratte trappane, men då me kom til toppen var det eit utruleg flott syn som møtte oss. Det at me nokre dagar tidlegare sleit oss oppover til Salkantay-passet, det at me stod opp halv tre same morgon for å stå 2,5 t i kø, det at me kjempa oss oppover alle desse siste trappane, samt ein nesten-overtråkk, var som fordufta, og alt var så definitivt verdt den utsikta me fekk oppleve frå toppen av Huayna Picchu!



Frå toppen av toppen på Huayna Picchu, med utsikt over Machu Picchu og bilvegen som snirklar seg oppover





Humøret er på topp! :)





Utsikta den andre vegen








Litt bratt var det her og der på toppen også







Vegen ned!








Bratt...






brattare...






brattast!







Det kjende postkortmotivet. Machu Picchu står på UNESCO si verdsarvliste, og er heilt klart den største opplevinga me har hatt av alle severdighetane me har sett til no.








Lotte og Ane foran Machu Picchu :)








På kvelden same dag blei me frakta tilbake til Cusco, og dagen etterpå tok me fly tilbake til Lima. Der var me to netter, fekk vaska kle og posta postkort, før me tok fly ned til Buenos Aires.




I skrivande stund er me i fortsatt i Buenos Aires, men drar vidare opp til Puerto Iguazu i morgon. Sidan eg var litt seint ute med dette innlegget, så blir det nok ikkje lenge til de høyrar frå oss igjen. :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar