tirsdag 28. desember 2010

Ei veke igjen...

Ja, tenk det, i dag er det ei veke igjen til me skal reise!

Gjett om eg (Ane) fleire gongar har lurt på om eg verkeleg vil reise, og om eg verkeleg vil vere vekke så lenge. Har grua meg, men har også gledd meg samtidig som eg har vore veldig spent. Kvar gong eg tenkjer på at me skal setje oss på flyet frå Gardermoen (som skjer nokre gongar for dagen) kriblar det i magen. Trur nok Lotte har følt det same. :)

Tenkte eg skulle blogge litt om førebuingane me har gjort no i haust.

VAKSINER

Måtte jo sjølvsagt ta litt vaksiner. Eg har vore på Vaksinasjon- og smittevernkontoret i Trondheim kommune, og der fekk eg beskjed om å ta desse vaksinene:

- Twinrix/Hepatitt A+B (ei sprøyte var nok sidan eg tidlegare i 2002 har tatt to doser)
- Gulfeber
- Tyfoidfeber
- Boostrix Polio (påfyll av barnevaksinane mot kikhoste, difteri, polio og stivkrampe)
- Dukoral/Kolera (drikkevaksine).

Fekk også resept på malariatablettar (Malarone) for å ta under opphaldet i Laos, Kambodsja og Amazonas.

Vaksine mot japansk encefalitt blei vurdert, men sidan me skal vere i desse områda utanfor sesong for det, så trengte eg ikkje å ta den sprøyta. Greit, sidan den er ganske dyr, og sidan eg ikkje er overbegeistra for sprøyter...

Tidlegare har eg alltid vorte svimmel ved vaksinering, og eg har ved andre høve svima av, så eg var litt spent på korleis første vaksinasjonstime skulle gå. Dei siste åra har det pleid å gå ganske fint, utan at eg har svima av eller blitt dårleg, så eg tenkte at det kom truleg til å gå bra. Men gjett kven som måtte leggje seg ned i kvilestolen på kontoret til helsesøstera. Joda. :) Men det blei berre med svimmelheten, neste time gjekk veldig fint, og eg gjekk ut derfrå etter halve tida i forhold til første time. ;)


VISUM

Me fant fort ut at me trengte visum til ein del av landa som me skal besøke. Nettsida visumservice.no har vore til stor hjelp.

- Kina: Her måtte me møte opp personleg på ambassaden i Oslo for å levere visumsøknaden. Litt rart, ettersom det var greit at nokre andre henta det ut så lenge ein hadde kvitteringa som ein fekk ved innleveringa. Så det blei Oslo-tur på oss begge i løpet av hausten.

- Vietnam: Her trudde me først at me måtte sende passet og søknaden avgårde til Stockholm, sidan Vietnam ikkje har hatt nokon ambassade i Oslo, men det trengte me ikkje likevel. Det har nettopp blitt opna ein ny vietnamesisk ambassade i Oslo, og der var det greit at slekt/vener kunne levere og hente passet/visumet. Så pappa, som bur i Oslo, var innom for meg.

- India: Her var det greit at pappa leverte passet for meg, men for utlevering måtte eg møte opp personleg. Uthenting med fullmakt gjekk også, og det var slik Lotte fekk henta ut sitt ved at tante Lillian gjorde det for ho. :)

- Australia: Her søkte me om noko som kallast eVisitor på nettet, som er eit elektronisk visum for kortare opphald i Australia.

- USA: Sidan me er norske statsborgarar, treng me ikkje visum til USA, men me måtte registrere oss i ESTA-systemet deira, og betale 14 USD for dette.

- Laos: Visum fåast enklast på grensa ved ankomst.

- Kambodsja:
Visum fåast enklast på grensa ved ankomst.


REISEFORSIKRING

Reiseforsikring kan me jo ikkje reise utan, og etter litt undersøking fant me ut at Gouda reiseforsikring er det beste og rimelegaste. Den dekkjer det den skal dekkje for ein slik tur, og me betalte kr 6297. Har berre høyrd positive ting om Gouda, så trur den skal vere bra passande.


Eg har no elles fått meg sekk til jul (Lotte hadde frå før), og har i dag fått kjøpt meg eit nytt kamera (Casio Exilim H15).

No er det berre pakking som gjenstår før me dreg ut i den store vide verda!


søndag 26. september 2010

Reiseruta

04.01.11: Gardermoen - London - Beijing (ankomst 05.01.). 12 dagar i Kina (Beijing, Xi'an, Shanghai og Hong Kong).
16.01.: Fly Hong Kong - Bangkok. 6 veker i sør-aust Asia (Thailand, Vietnam, Kambodsja, Laos).
28.02.: Bangkok - Delhi. Ca tre veker i India, organisert Kilroy-tur i Nord-India (Roam India) der transport, overnatting og sightseeing er inkludert.
20.03.: Delhi - Singapore. To dagar i Singapore.
22.03.: Singapore - Sydney. Ca fire veker på aust-kysten av Australia. Fem dagar i Sydney. 28.03.: Mojo surfekurs Sydney - Byron Bay, fem dagar. Greyhound Australia Bus Pass (m. overnatting) 10 dagar Brisbane - Cairns.
20.04.: Cairns - Auckland. To veker på New Zealand. Rafting, fallskjermhopping (?) og Ringenes Herre-settet.


04.05.: Auckland - Apia. Ei veke på Samoa. Hengekøye under palme med kokosnøtt og sugerør.
09.05.: Apia -Auckland - L.A (ankomst 10.05.). Fem dagar i L.A. Hollywood ++.


16.05.: L.A. - San Jose. Ei veke på Costa Rica sin aust-kyst.
23.05.: San Jose - Lima. 10 dagar i Peru. Macchu Picchu, Amazonas og Lake Titicaca.
03.06.: Lima - Buenos Aires. Ca tre veker i Argentina og Brasil. Reiser via Iguassu Falls og kanskje Sao Paolo opp til Rio de Janeiro.
25.06.: Rio de Janeiro - London - Gardermoen (ankomst 26.06. kl. 2000.).

tirsdag 16. mars 2010

Bilettene er bestilt!!!=)

Nå har vi bestilt og betalt bilettene!!!=) weeee!!

Dette blir den grove reiseruta:
Turen starter fra oslo den 4. januar i 2011 kl 11.35 til London (Heathrow). Derifra reiser vi direkte til Beijing i Kina=). Reise så litt rundt i sør-øst Asia før vi tar turen til India og deretter til singapore. Reisen går så videre til Sidney i Australia og deretter skal vi en snartur til New Zealand og innom en eller to stillehavsøyer før vi reiser til LA og nedover til Maxico. Så tar vi turen innom Peru, før vi ender i Brazil og flyr fra Rio De Janeiro, (London, Heathrow) Oslo.

Endelig blir turen en realitet og pengene har dratt sin vei ut av kontoen.

Gleder oss!!

søndag 28. februar 2010

Test

Testing testing... =)

No har me akkurat oppretta reisebloggen vår. Her skal me skrive undervegs på reisa, men også om førebuingar me gjer før me reiser. Følg oss, for dette blir spanande! ;)