lørdag 9. april 2011

Sydney og surfekurs

Etter to dagar i Singapore, ankom me Australia og Sydney på ein tysdag kveld. Det var godt å kome til ein storby med ting på stell etter nesten tre månadar i Asia, og me forelska oss med ein gong i denne fine byen. Hostellet me budde på heiter Wake Up! og er eit ganske kjent og kjempebra hostell som ligg sentralt til i Sydney. Wake Up! har eigen kafè og bar, og det var gode kjøkkenfasilitetar og TV-rom med sakkosekkar. Me tilbrakte fem dagar på sovesal her, og naut tida til det fulle. Aldri har me sett så stor pris på å kunne lage våre eigne måltid akkurat til dei tidene me ønska.



I løpet av opphaldet i Sydney fekk me vore med på ein strandgåtur i regi av hostellet, der me fekk sett ein god del av strendene i Sydney, m.a. den kjende Bondi beach. For vår del tykte me Bondi beach var ganske så oppskrytt, men eg trur nok innbyggarane i Sydney kanskje er litt stolt av å ha ei stor og populær strand med livreddarar i storbyen sin. Men me fekk no sett det alle pratar om.




Bondi Beach



Elles gjekk me oss ein tur sjølv i Sydney, gjennom Hyde Park og ein botanisk hage (med eit tre med tusen flaggermus) ned til sjølvaste Operahuset og Harbour Bridge. Det var eit flott syn. Vidare gjekk me over ei gangbru ned til ei hamn/molo som minnar litt om Aker brygge og Solsiden.



Operahuset






Tredje dagen tok me ferja over til dyrehagen Toronga Zoo. Der me fekk sett mykje ulike dyr, m.a. løvar, tiger, gorillaar, sjiraffar, kenguruar, krokodillar, pingvinar, koalabjørnar, marekattar, og me fekk t.o.m. vore tilskodarar på eit artig sjøløveshow.


Resten av tida i Sydney gjorde me ikkje noko spesielt, me slappa av og kosa oss, og fekk ”skypa” med dei heime. Dagane i Sydney gjekk likevel fort, og plutseleg var det måndag morgon og tid for å setje seg på Mojo-bussen for å dra til første surfecamp. Me hadde på førehand bestilt oss ein femdagars surfetur frå Sydney til Byron Bay, der me skulle ha sju økter med surfing fordelt på to surfecampar langs kysten. Første stopp var den vesle plassen Crescent Head, der campen låg litt for seg sjølv nede i bushen ved stranda. På akkurat dette kurset var me 35 stk, der mesteparten var nordmenn, og me hadde heile campen for oss sjølv. Her hadde me dei fire første øktene, og berre i løpet av opphaldet her hadde me stor progresjon, frå å dette av surfebrettet i liggande posisjon, til å klare å stå og surfe på ei bølgje kontrollert i nokre sekund. Men artig var det uansett! Tida flaug kvar økt me hadde, og me var ofte av dei siste opp av vatnet. Men ein skal nok ha litt tolmod også, iallfall i byrjinga, for det er eit sant baksetak å kome seg utover når bølgjene slår mot deg og veldig ofte drar deg nokre meter tilbake. Me blei ganske slitne i armar, bein og rygg i byrjinga, og fekk fort kjenne det i form av brannsår både her og der. Men det merka me som oftast etter at me var ferdig i vatnet, for surfing er så gøy at ein fort gløymar alt anna.


På onsdagen blei me frakta med Mojo-bussen vidare til neste camp, kalla Spot-X, og det er ein mykje større camp. Spot-X er ein ganske populær camp, så den måtte me dele med andre surfegrupper, utan at det gjorde noko spesielt. Her hadde me dei tre siste øktene våre, og me blei riktig så flinke nybyrjarar til slutt, dvs. at me klarte å surfe bølgjene ganske kontrollert og lenge før me tryna (eller faktisk stoppa opp fordi me var komen heilt inn til stranda).



Surfeturen var ein suksess, me har nesten blitt hekta på surfing, og me har blitt kjent med mange hyggelege folk. To av desse var Ninni og Karoline, som me har snakka om å møte igjen i New Zealand, for felles reising og fallskjermhopping. Me har utveksla facebookadressar og håpar at det kjem til å skje… J



Fredagen kom me til Byron Bay, ein sjarmerande liten by ca fire timar sør for Brisbane. Her hadde me bestilt oss overnatting for to netter i løpet av surfekurset, men då me hadde sjekka inn på dette hostellet, fant me ut at me allereie hadde betalt for overnatting på eit anna hostell (som var inkludert i Greyhound-busspasset vårt nordover). Me fekk starta busspasset ein dag seinare, slik at den første natta ikkje blei teljande, men det blei likevel ei natt med dobbel betaling for overnatting, noko som var litt surt. Me trøystar oss med at det er ikkje det verste som kunne ha skjedd på turen (bank i bordet), og gløymer det heile.



Her kjem eit knippe med surfebilete. Vær så snill, ikkje døm oss for hardt på stil... ;)












2 kommentarer:

  1. Såg moro ut ja! No synger "Beach boys" i ørene mine..
    Lotte- mamsen

    SvarSlett
  2. Sweet! Sjer ut som dokk fikk teke på surfinga, ane æ en tur t Stadt neste sommer? :D Kos dokk vidre å fortsett den goe blogginga! :D

    SvarSlett