lørdag 25. juni 2011

Ein liten oppsummering...

No sit me på siste dagen i Rio de Janeiro og ventar på at flyet skal ta oss til Noreg. For å fylle tida tenkte me det kunne vere artig å blogge ein liten oppsummering av turen vår.

Når me kjem heim, har me:

  • Besøkt 15 land
  • Vore på reis utanfor Noreg i 174 dagar
  • Tilbrakt 95 timar til saman på fly fordelt på 22 ulike flyreiser
  • Overnatta på 52 forskjellige stadar
  • Hatt 19 langdistanseturar med buss
  • Fått 31 nye stempel i passa våre
  • På det meste vore 30 meter under havet og 4650 meter over havet

Me har reist med mange ulike framkomstmiddel, som fly, bil, buss, tog, båt, sykkel, tuk tuk, rickshaw (sykkeldrosje), metro, kabelvognar, tram (ein slags
fjelltrikk), elefant, kamel og hest. Me har besøkt fire av verda sine underverk
(Den kinesiske mur, Taj Mahal, Machu Picchu og Kristusstatuen), og møtt
utallige rare og morosame taxisjåførar. Me har utført mange ekstreme
aktivitetar, der fallskjermhopping, dykking, surfing, kryssing av gater i Dehli
og klatring på Huayna Picchu er nokre.

Turen har vore fantastisk, og me har opplevd så ufattelig mykje. No gler me oss veldig til å kome heim for å treffe igjen kjende og kjære, men det varar nok ikkje lenge før me igjen leikar med tanken på å reise litt igjen. Seinare vil me skrive litt om korleis det har vore å kome heim, samt kva me tenkjer om turen me no har gjennomført.

Takk for alle de som har følgd oss gjennom bloggen, me set stor pris på dykk og har difor prøvd å gjere oss litt flid med blogginga. Sjølv om me ikkje har fått blogga så ofte, håpar me likevel at de har likt det me har fortalt om.

Helsing Lotte og Ane :)

1 kommentar:

  1. Til lykke med vellykka tur, og hjartleg velkomen heim! :D

    SvarSlett