torsdag 12. mai 2011

Paradis på Samoa


Etter New Zealand drog me til Samoa, ei stillehavsperle ein fire timars flytur frå Auckland. Samoa består av to øyer, men me haldt oss berre til den eine, Upolu, sidan det var her overnattinga vår skulle vere. Me hadde på førehand bestilt overnatting hos Taufua Beach Fales, eit liten familiedriven plass med mellom 15 og 20 bungalower. Her tilbrakte me seks netter.







Taufua Beach Fales. Frukost og middag var inkludert i prisen, men i tillegg dreiv dei ein liten bar og restaurant, der ikkje-overnattande kunne kome og ete.






Restauranten der me åt og elles berre satt og las og preika.





Dei to var i styringa for heile sulamitten. Alle me blei kjent med var veldig hyggelege og hjelpsame.







Det blei dekka på til langbord i restauranten kvar frukost og middag. Her blei me kjent med mange som overnatta i same eller delar av same tidsrom som oss. Rundt om i taket hang det mange flagg frå tidlegare besøkjande.






Over baren hang dette. Sjølvsagt hadde også nordmenn lagt igjen spor etter seg. :p







Bungalowen vår! Den var såkalla "open", men me kunne ha presenning rundt om me ville.







Heile komplekset låg jo på stranda, så det gjekk mykje i bading, lesing og soling. Me fekk verkeleg lata oss desse dagane, for å seie det slik! :)







Vatnet var turkist og herleg varmt.







Framsida av bungalowen vår. Sidan det var ganske varmt med presenninga nede (noko me oppdaga den første morgonen me vakna), opna me slik at me hadde utsikt over havet, men elles kunne hindre innsyn når me skifta o.l.. Elles var ho god å ha den natta me vakna av at det regna på oss, for ja, me opplevde nokre regnbyger innimellom all sola på Samoa (noko de der heime sikkert tykkjer er kjempemorosamt... ;) )












Stranda heitte Lalomanu beach. Her i solnedgong.







Det var verkeleg eit lite paradis me fekk oppleve her.... :)






Om natta sov me på madrassar med myggnetting. Koseleg å liggje i mørket og lese med lommelykt. :)








Me var særs lite aktive på øya. Forutanom å slå litt volleyball eit par av dagane, gjekk me oss ein tur bortetter vegen den eine dagen.






Etter ca 10 min kom me til eit lite samfunn. Dette var det me såg.







Flesteparten av husa på Samoa er utan veggar.







Lørdag kveld var det danseshow med lokale dansarar som var ganske flinke. Det var ei artig oppleving.







Dansarane hadde riktig kledd seg opp. Det var forresten veldig vanleg på Samoa at mannfolka gjekk kledd i skjørt, noko som faktisk ikkje såg så gale ut som ein skulle tru. :)








Turistane fekk også prøve seg litt. :)







På slutten var det eit lite flammenummer. Det er vel eigentleg ikkje det første me har sett på denne turen, men det var underhaldande nok.






Takk for god anbefaling, Kjersti S.! Me koste oss kjempemykje! :)


1 kommentar:

  1. Sukk...- ja takk... God tur videre. Take care.
    Lottemamsen

    SvarSlett