lørdag 21. mai 2011

Hola Costa Rica!

Etter nattfly frå storbyen Los Angeles, landa me i Costa Rica sin hovudstad, San Jose, måndag morgon. Me hadde bestemt oss for at me ville tilbringe veka me hadde til rådighet på den karibiske kysten. Her velte me oss ut den vesle strandbyen Cahuita, som ligg ganske langt sør på kysten. For å kome dit måtte me ta buss i fire timar frå San Jose.




Ein kan vel eigentleg ikkje kalle Cahuita for ein by. Det bur ca 2000 menneske her, men folk bur ganske spreidt, men det er til sentrum at turistane kjem, og det er her det finnast eit lite samfunn. Her er det ei hovudgate med nokre restaurantar/kafear, to matbutikkar, nokre reisebyrå og souvenirbutikkar. Elles er det nok av hotell og "cabinas" som overnatting for turistar. Det er ein avslappa og koseleg plass der dei lokale kjennar deg att etter eit par dagar.





Hovudgata i Cahuita





Ein av restaurantane





Eit avslappa folkeslag




Cahuita sin turistinfo :)


Den lokale "pilsen" blei sjølvsagt prøvd ut




I byrjinga lurte me på om Cahuita eigentleg kom til å bli for keisamt for oss, spesielt etter opphaldet i L.A., men det er skremmande kor fort ein venner seg til det å vere lat. Me har nemleg ikkje funne på stort medan me har vore her, noko som heilt sikkert synast i dette innlegget.



Rett ved sida av "byen" ligg det ein liten nasjonalpark, der ein må donere ein liten sum for å kome inn. Her kan ein finne ei strand som er det ein kan kalle "bystranda", som ligg rett ved sida av sjølve skogen som har eit rikt dyre- og planteliv. I skogen går det ein sandsti som tek deg frå den eine enden av stranda til den andre. Den første dagen i Cahuita blei difor brukt til å utforske denne nasjonalparken.


Ein god del av dagen blei tilbrakt på stranda. Medan me låg her og tok livet med ro og ante fred og ingen fare, oppdaga me plutseleg ei krabbe som styra på. Ho hadde gravd seg ei sandhole som ho kraup ut og inn av heile tida, eller, dvs ho pilte inn viss me rørde på oss, og kom ut igjen då kysten var klar. Dette blei eit lite tidsfordriv for oss, for du verda kor fasinert ein kan bli av ei krabbe. Ho var så artig der ho sprang sidelengs med augene på stilk, så me måtte jo berre ta bilete av ho. Ja, me har hatt lite å finne på...




Den fasinerande krabben i si sjølvgravde hole (biletet er tatt liggjande)





Augene på stilk...




Seinare på dagen gjekk me tur på stien i skogen. Her fekk me også sett litt liv, forutanom grøn og frodig skog og fargerike plantar. På vår ferd passerte me ein maursti, der maura bar på slike store grøne blad som ein vanlegvis berre ser på TV, ein svart apekatt i eit tre, og ei slags firfisle (eller noko liknande).





Tur i nasjonalparken





Turstien (ser det ikkje spanande ut?)





Maur med grøne blad...




... den svarte apekatten...







... og firfisla.



Den andre dagen me låg og dovna oss på stranda, fekk me også sett noko apeliknande dyr med lys pelsfarge som dreiv og klatra i palmene over oss. Me fekk diverre ikkje tatt bilete av dei, men fant seinare ut at det var dovendyr me hadde sett. Fant likevel eit postkort å ta bilete av, for å vise dykk. :)



Dovendyra me såg, såg slik ut (minus ungen)



Plassen me overnatta på heiter Secret Garden Hostel & Cabinas, og er eit relativt stort hus med nokre rom og ein sovesal, driven av eit litt eldre ektepar frå Nederland. Dei er veldig hyggelege, og har gjort det til ein ganske heimekoseleg plass å vere og bu på. Her likte me oss så godt at me blei her dei seks nettene me var i Cahuita.



Heimelaga reklame kan jo vere sjarmerande :)




Porten inn til hagen




Hagen med alle sine vekster




Terasseområdet rett utanfor rommet vårt. Her var det koseleg og berre vere og lese bok.




Terasseområdet frå ein anna vinkel. Lotte sit rett utanfor døra til rommet vårt.



Etter å ha sove på sovesal gjennom heile Australia og L.A., i bil i New Zealand, og på madrass på Samoa, var det veldig godt å kunne få ha sitt eige rom igjen. Det kunne me no velje sidan det ikkje er så dyrt med overnatting her (54 kr på kvar per natt for dobbeltrom), som det er i dei rikare landa. Den første natta sov me omtrent i tolv timar, men ei god natt uforstyrra søvn var etterlengta og gjorde oss nok godt (spesielt etter å ha tilbrakt natta før i eit flysete).




Roterommet vårt, med vifte og felles dobbeltseng ;p



I dag, lørdag, er det siste dagen vår her i Cahuita. I morgon tek me bussen inn til San Jose, der me må tilbringe natta sidan flyet vårt til Peru går relativt tidleg på måndag. Tida har gått fortare enn me hadde trudd her på Costa Rica, og det er jo eigentleg eit godt teikn, men no ventar Peru og ein femdagars fjelltur til Macchu Picchu. Det vert veldig spanande. Til då...


Adios Amigos! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar