mandag 17. januar 2011

Oppsummering Kina

Her er det vi sit igjen med etter opphaldet i Kina:

  • Vi er blitt dreven med bruk av spisepinnar
  • Kinesarar ser ikkje så lik ut som vi trudde
  • Kinesarar synast det er greit å glane uhemma på oss turistar
  • Alle backpackerar helsar på kvarandre i Kina, ettersom det er så få av oss blant alle kinserane
  • Den kinesiske muren er brattare enn kva vi trudde
  • - 6 gradar følast kaldare i Kina enn i Noreg
  • Høfleg køkultur er ikkje-eksisterande
  • Tipsing er ikkje vanleg i Kina
  • Kinamaten er bra
  • Mange av backpackerane er britar, og 70 % av dei er ganske høglytte
  • Det er stor forskjell mellom fattig og rik i Kina (dei fattigaste bur i holer i fjella)
  • Rike kineserar likar store og feite bilar (hovudsakleg japanske)
  • Det visast godt at det berre er lov til å ha ein unge i Kina (reklameplakatar av kjernefamilien illustrerar også dette)
  • Dohol i bakken er ikkje uvanleg
  • Å gå med munnbind pga forureining er ganske vanleg (og lurt)
  • Soft sleepers på toget er sååå mykje betre enn hard seats ved reise om natta
  • Viss kinserane ikkje kan engelsk vil dei prate kinesisk til deg, uansett om du forstår eller ikkje

1 kommentar:

  1. Bra dåke tar te dåke erfaringar og lære av dei. Må innrømme eg trudde at Kina var komen litt lengre enn dohol i bakken, menmen :)

    SvarSlett