søndag 30. januar 2011

Goodbye Koh Tao

I dag er det søndag her på Koh Tao, og om nokre timar skal me dra herfrå og over til Koh Samui, der me skal overnatte. I morgon tidleg går flyet via Bangkok til Siem Reap i Kambodsja. Tida har gått fort her på Koh Tao. Me har vore her i nesten to veker, og me har blitt kjent med mange hyggelege folk. Etter den første veka, som stort sett involverte dykking, har me berre hatt rolege dagar. Me har fått slappa av, solt oss (og blitt litt solbrent sjølvsagt), vaska kle, sendt heim ein pakke med posten kvar, blogga, snakka med folk heime, ete mykje god mat, høyrd på live musikk eit par kveldar, tatt fotskrubb, sett på film, lata oss, lata oss endå meir og leika oss litt med volleyballen som me har med oss. Me kunne ha kjøpt oss nokre dykk også, men me velte å spare pengane, og heller berre finne på andre ting. Det har ikkje vore steikande sol kvar dag, men det har eigentleg vore greit (iallfall dei dagane då me var solbrente... ;p), det er likevel varmt og me har kost oss.



Ting eg kjem til å sakne med Koh Tao:




  • Dykkinga med alle sine tilhøyrande opplevingar

  • Atmosfæren (avslappa, ungt miljø)

  • Stranda med kvit sand, turkist vatn og palmer

  • Låge bord med puter til å sitje på i dei fleste restaurantane

  • Alle dei gode shake'ane med forskjellig fruktsmak (spesielt bananshake)

  • Folka me har blitt kjent med

  • Livemusikken på restauranten til Ban's Diving Resort

  • Chai's awesome pancakes! Det var faktisk namnet på pannekakebua hans. :D


Det blir likevel kjekt å reise vidare, og eg trur nok at begge er klare for nye impulsar. Turen går dermed vidare til Kambodsja (blir vel ca ei veke), Vietnam (opptil to veker) og forhåpentlegvis Laos (ca ei veke viss det ikkje blir for travelt). Etter det vil me også ha eit par-tre dagar i Bangkok, sidan me likevel skal dit for å ta fly til India. Datoen for denne billetten er sett til 28. februar, så me har fire veker på oss frå me drar til Kambodsja. Veit det er knapp tid for desse tre landa, men kanskje det går om me prioriterar kva stadar me har lyst til å sjå og oppleve. Vegen blir til medan me går, så me får sjå. :)

No sit me på Ban's og Lotte flyg litt rundt og tek dei siste bileta. Om halvanna time går taxi'en til ferja. Fram til då skal me ete lunsj og nyte det siste av stemninga her på Koh Tao. Trur nok at me begge kjem til å kome tilbake her ein gong. Staden er absolutt å anbefale, spesielt om ein vil dykke... :) See you!

1 kommentar: