mandag 7. februar 2011

Kambodsja på ei veke

Siem Reap og Angkor Wat

Etter å ha tilbrakt ei natt på Koh Samui, tok me fly tidleg måndag morgon via Bangkok til Siem Reap i Kambodsja. Før me henta bagasjen fekk me kjøpt oss visum på flyplassen til ca 20 USD (i Kambodsja brukar dei amerikanske dollar og riel, der 4000 riel = 1 USD). Sidan eg (Ane) ikkje hadde fleire passfoto igjen, blei eg straffa med 1 USD ekstra (å huff). Flyplassen i Siem Reap, som på Koh Samui, er ein liten flyplass med ca eitt rulleband og ein minibank. Då me kom ut av bygget, blei me overfalt av taxi- og tuk tuk-sjåførar. Me bestilte taxi via ein skranke inn til Siem Reap. Me hadde på førehand sett oss ut to hostell i Lonely Planet-boka vår som me ville ta utgongspunkt i, men då me sa det eine, sa taxisjåføren at det var stengt no for tida, men at han visste om ein overnattingsplass han kunne ta oss til. Dette hadde eg tilfeldigvis lese om i Lonely Planet at kunne vere eit triks som taxi- og tuk tuk-sjåførar kan sei slik at dei får provisjon av denne bestemte overnattingsplassen om dei tek med turistar hit, så mistenksom-antennene slo ut med ein gong. Difor foreslo me det andre hostellet me hadde sett oss ut, men då sa han at der var det dyrt. Me insisterte likevel på at han skulle ta oss dit, så han ga seg til slutt. Me blei deretter heve av på eit hotell som er i same kjede som det hostellet me ville til, men det blei sjølvsagt litt for dyrt for oss, så me spurde om vegen til hostellet, og traska deretter i veg med sekkane på ryggen. Då me kom fram, fekk me vete at dei dessverre hadde fullt, så me prøvde hostellet ved sida av. Der fekk me eit dobbeltrom til 18 USD, så me tok det for ei natt, sidan me likevel var litt lei av å leite etter overnatting. Rommet var veldig fint, men eigentleg ganske dyrt til å vere i Kambodsja, så neste morgon gjekk me rett ut på leit etter nytt rom før utsjekking. Då gjekk me til det første hostellet me hadde føreslått for taxisjåføren, og det viste seg at dei slett ikkje var stengt, men dreiv i beste velgåande, med eitt ledig rom igjen til oss for 6 USD per natt! Ganske tilfredsstillande å vete at magefølinga var rett angåande taxisjåføren dagen før.

Hostellet me budde på, som heiter Red Lodge, er eit lite, roleg og populært såkalla ”guest house”, drive av ein familie som bur under eit slags skur ved sida av. Mora kunne ikkje noko særleg engelsk, og dreiv og putla på i ”huset” med husarbeid, klesvask og liknande. Faren kunne litt engelsk, og tok seg av resepsjonen og gjestane, i lag med nevøen sin og nokre andre karar. Denne familien hadde dessutan ein liten baby som dei også dreiv og putla med. ”Huset” deira låg like ved nokre bord og stolar med ein TV under eit tak rett utanfor hostellet. Alt var ganske primitivt, men det såg ut til at dei likevel var blide og fornøgde med det dei hadde. Kven treng veggar i ”huset” sitt når det likevel er så varmt?

Nevøen i ”huset” var 24 år og tuk tuk-sjåfør av profesjon. Han presenterte seg som Mr. So, og var raskt ute og spurde om me trengde tuk tuk til å sjå templa rundt Angkor Wat. Ein tuk tuk er ein moped med ein slags open tilhengar med tak og benker som folk kan sitje på i. Me hadde planlagt å bruke tre dagar på å sjå Angkor Wat med alle sine tempel rundt om, så me avtalte å betale han 50 USD for å bli køyrd rundt i tre dagar. Det er kanskje litt i overkant av det me kunne fått det til, men han var takknemleg for at me kunne gi han jobb i tre dagar, og det tydar ikkje så mykje for oss om det blei 40 eller 50 USD. Han trengte nok pengane meir enn oss likevel, dessutan køyrde han oss rundt overalt, t.o.m. til nokre tempel som låg over 30 km unna. Så det blei til at me tuk tuk’a oss hit og dit i tre dagar for å sjå på allslags moglege tempelruinar. Me sparte sjølvaste hovudattraksjonen, Angkor Wat, til siste dagen. Då sto me opp halv fem om morgonen for å få med oss soloppgongen over tempelet. Det var ei bra oppleving, og det blei nokre fine bilete, men hadde det ikkje vore for alle dei skravlande turistane og blitsregnet kunne det ha vore ei riktig fin stemning. Etterpå åt me frukost på ein av dei mange kafeane på staden, før me utforska Angkor Wat og Angkor Thom resten av føremiddagen.

Litt kjappe fakta om Angkor Wat og Angkor-templa: Om ein besøkjer Kambodsja, er Angkor Wat noko ein må få med seg; det er nemleg hjartet og sjela til Kambodsja. Angkor Wat ligg rett nord for Siem Reap og er rekna som det åttande underverket i verda, og Angkor-templa er stoltheita til og ei kjelde til inspirasjon for folket i Kambodsja (khmerfolket). Angkor Wat er det største religiøse bygget i verda, og har vore meir eller mindre kontinuerleg i bruk frå det blei bygga på 1100-talet fram til i dag. Tempelet blei bygga av Suryavarman II som ein hinduistisk heilagdom for guden Vishnu.

Phnom Penh

Same dag som me besøkte Angkor Wat, bestilte me oss også bussbillett til hovudstaden Phnom Penh til 5 USD. Me drog dagen etter, og blei henta på hostellet av ein minibuss (free pick-up) som køyrde oss til den store bussen. Bussen var heilt grei, passeleg varm og luftig, og drog då den var full. Noko me hadde lagt merke til medan me køyrde tuk tuk dagane før, var at bussane var dei fartøya som desidert køyrde fortast på vegane, med mykje tuting og skumle forbikøyringar. Og slik blei det no også. I ca fem og ein halv time humpa og dumpa me nedover til Phnom Penh, både på landevegar, byvegar, grusvegar og ”motorvegar” (sistnemnde var kanskje dei minst humpete), akkompagnert av jamn og heftig tuting. Sidan det var såpass billeg, forventa me ikkje så mykje av bussen, men turen var heilt ok og ei bra oppleving i seg sjølv. Må innrømme at me var spente på om dei store sekkane våre kom til å bli rana/stelt (sidan me har høyrd om mange slike historier frå andre reisande), så me tok med oss alle verdisakar inn på bussen med oss, men sekkane var fortsett like heil då me kom fram, så me var berga for denne gong.

Ved busstasjonen i Phnom Penh, blei me på nytt overfalt av tuk tuk-sjåførar, og han eine køyrde oss til det eine hostellet me ville til (etter litt diskutering og andre forslag sjølvsagt), men då me kom dit hadde dei ikkje ledig rom. Deretter køyrde han oss til eit billeg nyopna hotell (til vår irritasjon), men me gjekk no inn og høyrde om rom. Dei hadde rom til 10 USD med balkong og vifte, og det var det finaste rommet me hadde sett til no på turen, så me tok det. Godt med litt ”luksus” (dvs. varm dusj og skikkeleg reine rom) for to netter her.


Den eine heile dagen me har hatt i Phnom Penh har me faktisk drista oss til å leige syklar. Det har vore artig, men også til tider skummelt. Trafikken er jo, som overalt i den tredje verda, berre tut-og-køyr, og bilar, mopedar, tuk tuk’ar, syklar og fotgjengarar er ei salig blanding i gatene. Me har eigentleg berre følgd trafikken, sykla med låg fart, hatt augo med oss og hatt handa klar på bremsen, noko som har ført til at me fortsett er like heil. Sykla først til den store marknaden i byen, for deretter til eit kjøpesenter i staden. Her fant Lotte seg joggesko og eg nokre smarte reiseting eg trengde, og me sykla deretter, blid og fornøgd, litt rundt om, m.a. langs elvepromenaden i byen. På veg tilbake igjen til hotellet, blei det sightseeing, ettersom me klarte å tulle oss vekk (men det er ei anna historie J).

I morgon (06.02.) dreg me med båt langs Mekong-elva over grensa til Vietnam, for deretter å ta buss inn til Ho Chi Minh city. Heile denne turen bestilte me via hotellet her, og kosta berre 10 USD, noko som høyrast for godt ut til å vere sant. Me får sjå korleis det går i morgon, det ordnar seg nok uansett. Me byrjar verkeleg å føle oss som backpackerar, då me er meir avslappa til ting og tar ting på sparket. Det er herleg å vere på tur. J

Inntrykk me sit igjen med frå Kambodsja:

· Fattig land. Mykje tiggarar i gatene, mange av dei er mineoffer med manglande bein eller armar

· Siem Reap er ein by som livnærar seg av turistar. Det blir mykje mas, spesielt om me treng tuk tuk eller om me vil kjøpe suvenirar

· Tuk tuk’ar er å finne absolutt overalt

· Det er gøy å køyre tuk tuk

· Varmt

· Veldig venleg folkeslag. Mange vinkar og helsar på gata

· God mat (khmersuppe, amok og khmer lok lac burde prøvast!)

· Det er mange barn på gata som sel suvenirar, noko dei må fordi familien er fattig og foreldra har bedt dei om å gjere det

· Fiskemassasje (v.b.a. såkalla cleaning fish) er ein ”hit” som mange tenar pengar på, spesielt i Siem Reap. Det er eit akvarium der turistar kan putte beina sine oppi slik at fiskane kan ete vekk daud hud mot pengar

· Munkar med oransje klede og matchande gule paraplyar i gatene er ikkje uvanleg

· Turistar i Kambodsja består ikkje berre av vestlege, men også folk frå Kina, Japan og Korea

· Billeg. Tre store måltid for dagen på restaurant for under 100-lappen

· Gatesystemet i Phnom Penh er vanskeleg å forstå seg på, då ulike husstandar i same gate kan ha same nummer

· Vanskeleg å få kjøpt ordentlege merkevarar

Høyrd i Kambodsja:

· Tuk tuk, lady?!

· Nice colour for you!

· Nice morning price for you!

· Ten for one dollar! - Selgarbarn: - Where do you come from? Oss: - Norway. Selgarbarn: - Capital Oslo. Population 4,5 million.

· Massage?/Fish massage?

· Cold drink for your tuk tuk driver?

· Do you want to buy?

2 kommentarer:

  1. Spennende! Synest jeg hører alle lydene.... Så flinke dere har blitt til å ta dere fram. God tur videre- gotausi : )
    Fra lottemamma

    SvarSlett
  2. Det er så gøy å følge med på bloggen deres. Det gir meg reiselyst :)

    SvarSlett