fredag 25. februar 2011

Elefantridekurs i Laos

Me har ridd på elefant! Og det på skikkeleg vis! :)


Me har no komen til Laos. Me blir her diverre ikkje så lenge, sånn ca berre fem dagar, men det me har opplevd til no har vore veldig bra. Det byrja med at me tok fly på mandag ettermiddag frå Hanoi til Luang Prabang. Luang Prabang er ein koseleg liten by som skapt for buddhisttempelinteresserte romantikarar som er glade i å gå på kafe. Me kom fram til L.P. på kvelden, og tok oss greit fram til det einaste hostellet i byen, Spicylaos backpackers. Det var relativt shabby rom, men prisen per seng på sovesal var billeg, så me blei her i tre netter.


Første dagen gjekk med til å kikke rundt og kose oss på ein av dei ørten kafeane i byen. Me bestilte oss også buss til Vientiane (to dagar seinare) og meldte oss på eit eindagars Mahout-kurs, dvs. eit elefantridekurs der ein får lære å ri ordentleg på elefant (dvs. å sitje på nakken).


Neste dag gjekk med til nettopp dette. Me blei frakta til elefantcampen, der me først fekk ri ein tur på vanleg vis der me satt i stol på ryggen. Tilfeldigvis blei det slik at Lotte og eg fekk kvar sin elefant, og begge fekk prøve å ri på nakken i løpet av denne første turen, med mahout'en (instruktøren som var med oss) fornøgd bak i stolen. Det som var litt artig, var at Lotte fekk den største elefanten, medan eg fekk den desidert minste. Lotte sin var ein stor, 50 år gamal hannelefant (som blei kalla Ladyboy pga manglande støttenner) og som var pappa til den åtte år gamle babyelefanten eg satt på (som var blei kalla Luckyboy fordi han hadde vore heldig å få støttenner trass i at pappaen mangla). I Søraust Asia finst det ein del såkalla "ladyboys", og lokalfolket likar å tulle med det, så denne spøken var nok ein fast gjenganger når turistane kom på besøk. Det var kjempeartig å få sitje på nakken, sjølv om me blei ganske mør i rumpa etterpå.


Lotte på sin elefant før første ridetur.





Ane på babyelefanten (som ikkje var like lett å sitje på!)




Litt høgdeforskjell mellom Ladyboy og Luckyboy :)





Buffalokyr gjekk også langs elvebreidda ved elefantcampen (og nokre var t.o.m. rosa... kanskje dei var solbrente?)





Etter den første rideturen og den påfølgande lunsjpausen, var det tid for litt teori. Me fekk lære dei nødvendige kommandoane som trengst for å kunne ri og "styre" ein elefant, og me øvde flittig på uttalelsane av desse i lag med guiden vår som om me gjekk på barneskulen igjen. Me fekk også utdelt kvar sin mahout-uniform som var ei kortbukse og jakke i eit slags denimstoff. Mi var i tillegg altfor stor, så alt i alt såg me riktig så stilige ut... Etterpå fekk alle kvar sin ny elefant, og me praktiserte den nye kunnskapen vår på ein liten tur. Min elefant ville anten ikkje høyra på meg, elles så var det den desidert lataste på heile campen, for me (elefanten, mahout'en og eg) havna heilt sist i rekkja, og kom fram kanskje fem minutt etter alle andre. Men blei riktignok veldig god på kommandoen "pai", som tydar "gå!"...




Oss i dei fine mahout-uniformane i "klasseromhytta"


Neste steg i mahoutkurset, var å bade elefantane før dei skulle tilbake i regnskogen for natta. Dette hadde me gledd oss til heile dagen, ettersom me fekk høyra at dette skulle vere det kjekkaste på heile kurset. Me blei også fortalt at elefantane kunne ha forskjellige badeteknikkar, nokre kunne sprute med snabelen, andre berre dukke seg sjølv under, medan ein anna igjen kunne slå med snabelen i vatnet. Ingen visste på førehand kva elefant dei hadde fått.





Lotte er heilt i ekstase for at me skal bade :D





Lotte med sin elefant før badinga (som tydeligvis hadde fått noko under foten)




Gruppa på veg ut i elva





Ane med sin dukkande elefant og medfølgande mahout





Artig var det, sjølv om det var litt kaldt på magen med det same





Kor blei elefanten av..?





Lotte hadde det også artig med sin dukkande elefant




Den eine jenta på gruppa var "heldig" og fekk ein sprutande elefant... :)


Me fekk også lære korleis å stige (eller klatre) opp og ned på elefanten, der nokre elefantar kunne leggje seg ned slik at me kunne hoppe oppå, medan andre berre bøygde foten slik at me kunne klatre opp på den først før me klatra opp v.h.a. øyret og rumpedyttande mahout'ar under. Etter badinga rei me elefantane inn i regnskogen, der me hoppa av før mahout'ane rei dei inn der dei pleiar å sove. Elefantane søv berre opptil tre timar per natt, sidan mykje av tida går med til eting. Også under turane med dei, hadde mahout'ane med bladmat til dei, ettersom dei må ete mykje i løpet av dagen. Visste du forresten at ein elefant kan bli opptil 100 år?






Etter badinga, fekk me tilbud om tubing (dvs. sitje i ein stor flytering) ned gjennom elva ved campen. Det ville me, så heile gruppa blei køyrd litt oppover elva og heven av ved breidda lenger oppe. Me trudde vel eigentleg at det skulle bli meir action enn det var, for elva flaut så sakte at me måtte nytte slippersane til padling for å ikkje bruke heile dagen på å kome tilbake til campen. Men det var uansett ei hyggeleg oppleving, ettersom alle personane i gruppa var kjempehyggelege, så det blei mykje skravling og fliring nedover likevel. Dette var den siste aktiviteten for dagen, og me blei deretter frakta i minibuss tilbake til hostellet.






Dagen etter, som var den siste dagen i L.P., brukte me til å besøke fossefallet Kuang Si med sin nasjonalpark. Det var ei fin naturoppleving, då vatnet renn vidare nedover i mentolgrøne kulpar der det går an å bade og ha piknik i idylliske omgivnadar. Synd me ikkje visste meir om denne parken på førehand og tok med oss badetøy og handkle. Me hadde det likevel gøy med biletetaking (med ein noko tørr/intern humor) og preiking.



Nasjonalparken hadde mange slike kulpar der folk bada





Me trudde me hadde funne den berykta fossen...





men då me fann ein større foss blei Ane så forbausa at ho haldt på å ramle uti......





men etter litt meir leiting fant me han endeleg! Me er så stolt at me nesten letter.... (sjølv om storleiken på Kuang Si ikkje var noko i forhold til Låtefoss i Noreg)







Same dag som fossefallbesøket, tok me nattbuss til hovudstaden Vientiane. Her har me berre ein dag, som går med til soving (etter ei dårleg natt på bussen), blogging, skriving av utkast til Snåsningen og Grenda (me skriv lesarbrev til lokalavisene våre :)) og ein liten joggetur. I morgon tidleg (lørdag 26.02.) tar me fly til Bangkok, der me skal vere to dagar. Der skal me shoppe litt nødvendige kle, før turen går vidare til trevekers tur i India på førstkomande mandag. Den gler me oss veldig til! Fram til då; shalabais! :)

3 kommentarer:

  1. Ååååå, det såg såååååå artig ut! Dåkk e sååååå heldig!!! Skull ønska i va md.... Mytji fine og artige bilda og. God shopping i Bangkok.
    Shalabais!

    SvarSlett
  2. Da va elefanten unnagjort. Så neste høst tar du vel elgen fra jakttårnet uti østmarka Lotte. (Ættisom du bærre kløddn i fjor ; D )
    Fra Mamsen
    PS: I dag har Dan Jonas trimma Vitalia.

    SvarSlett
  3. Herlig :) nå anna enn silver det! hehe - Guro T

    SvarSlett