torsdag 17. februar 2011

Skreddarsydde kle

Nha Trang

Etter Saigon tok me nattbuss til Nha Trang, ein litt mindre by med strender og sol. Og det var stort sett det det gjekk i her, me sola oss på stranda (solelskande nordmenn som me er) i to-tre dagar. Elles fekk me vaska kle og grubla på kva kjolar me skulle få sydd oss i Hoi An, vårt neste stopp.


Hoi An


Me tok også nattbuss til Hoi An. Nattbussane i Vietnam har liggesete, som ser nesten litt ut som tannlegestolar. Det går tre i breidda, med midtgong mellom kvar seterad, og to i høgda. Grei måte å få sove litt på, sjølv om bussane ikkje har dei beste støtdemparane.

Bussturen tok 11 timar, og me var framme rundt kl. 06 om morgonen. Ein anna felles ting med bussane her, er at dei kan hive deg av omtrent kor som helst. Dei seier berre at no er me framme, og så må alle gå av der, sjølv om det ikkje er i nærleiken av ein busstasjon eller noko som liknar. Andre gongar stoppar dei ved eit spesifikt hotell (som dei gjerne får provisjon for) slik at turistane kan booke overnatting der. Denne morgonen traska me berre etter ein haug med andre backpackerar, som tydeligvis visste vegen til plass og overnatte, så me fant oss no eit billeg hotell, sjølv om me måtte vente nokre timar på ledig rom.

Same dag gjekk me rundt i den lille byen for å finne ein passande skreddarbutikk. Hoi An er kjend for skreddarsydde kle, og ein kan velje mellom over 200 ulike butikkar, sjølv om kvaliteten på arbeidet er varierande. Me velte til slutt Kimmy, ein butikk som blei anbefalen på hotellet vårt, og som me sjølv syntes verka seriøs og bra. Så me fekk prata om ønska våre, kva fasong, stoff og mønster kjolane skulle ha, og til slutt blei det teke mål.

Dagen etter var me innom igjen for første prøving, som dei to første bileta her visar.

Tredje dagen var andre og tredje prøving, og etter dette var Lotte sine kle ferdig. Den eine kjolen min blei ikkje ferdig før den siste og fjerde dagen, då eg hadde siste prøving (som dei to siste bileta visar).

Skreddarane på Kimmy var flinke og tok ønska dine på alvor. Dei ville ikkje gi seg før me var fornøgde. Arbeidet deira såg veldig forseggjort ut (for eit utrena auge riktignok), og prisen var verken for låg eller for høg.

Så då me drog frå Hoi An, blide og fornøgde, hadde begge fått sydd seg "den lille svarte" kjolen, ein lang sommarkjole i silke, og ein shorts kvar.


Ordentlige bilete av dei ferdige kjolane kjem seinare ein gong. ;)

(Kvifor den eine skreddaren har mopedhjelm på seg inne er uvisst.... Pottehjelm med alle slags fargar og mønster er forresten trendy som mopedhjelm.)



3 kommentarer:

  1. ÅÅÅÅÅÅ- så fine jenter! Lurt å benytte sangsen til å få seg en skreddersydd kjole : ).
    No ser vi fram til å få høre fra dere etter å ha fått info om båtulykka. Men vi har sjekka ut bla med Thomas i Kilroy og funnet at det er sikkert at dere er på en annen båt. Var en stund redd for at noen kunne ha forvekslet svensker med nordmenn... God tur videre : )Klemmmm fra Lottemamma

    SvarSlett
  2. Stili hjelma! Kjøpe itj med ein av dæm da? ;)
    Dåkk sjer nydelig ut! Glede meig te å sjå sid-kjolen din Lotte.

    SvarSlett