lørdag 15. januar 2011

Xi'an

Halv sju om morgonen den 9. januar klarte me å hoppe av på rett togstasjon (etter litt hjelp frå ei fnisande ung kineserjente), og var då komen til Xi’an. Sidan me ikkje fekk tak i anna enn dei billegaste billettane (dvs. hard seats), var me ganske ømme i rumpa og knea etter 16 timar på harde sete som det ikkje går an å leggje bakover. I tillegg til mykje folk, ungeskrik og taklys som var på heile natta, blei det så som så med søvn. På desse toga blir det også selt fleire billettar enn det er sete, og difor var det mange som delte sete med kvarandre, og fleire hadde rett og slett tatt med seg si eiga bøtte som dei satt på i gongen utanfor. Fekk bekrefta at tog er truleg den mest brukte reisemåten for den vanlege kinesaren over lengre strekkningar, for det myldra av folk på togstasjonen, og alle hadde med seg ein del bagasje. Fly er dessutan ein god del dyrare enn tog etter våre undersøkingar.


Vel installert på hostellet i Xi’an, var det første me gjorde å få tak i togbillettar til Hong Kong i sovekupe (såkalla soft sleepers). Ei natt med hard seats var nok, og sidan togturen dit tek ca 30 timar, så var det anten "soft sleepers" eller fly som var alternativet. Fly hadde kanskje vore greiare, men toget er billegare, og me sparar pengar på to overnattingar. I Beijing fant me ut at me heller ville droppe å besøke Shanghai, og heller vere litt ekstra i Beijing og Xi’an, for så å dra rett ned til Hong Kong og bruke dei siste par dagane der. Det kostar litt å reise rundt, og det er greit å unngå stress og tidspress.

Xi’an ligg i Shaanxi-provinsen i innlandet i Kina, og i denne provinsen bur det ca 37,1 million menneske. Xi’an er ein av dei få byane i Kina der bymuren fortsatt er intakt, og byen sitt midtpunkt er the Bell Tower, som er eit slags klokketårn i ekte kinesisk stil, omkransa av den største rundkøyringa i byen. Ut frå denne rundkøyringa går hovudgatene ut som i eit kompass, og har namn deretter. Hostellet vårt låg heilt i enden av sørgata, rett ved bymuren. Elles har me sett eit anna klokketårn i byen, the Drum Tower, og gått og vandra rundt med dei lokale i the Muslim Quarter. Muslim Quarter er ein labyrint av trange gater dekka av bodar og små butikkar som sel alt mogleg, frå mat til stoff og rare gjenstandar. Som ein sikkert skjønar av namnet, er det i denne delen av byen der dei muslimske kinserane bur.

Det store høgdepunktet med opphaldet i Xi’an er jo sjølvsagt at me fekk sett Terracottahæren som ligg rett aust for byen. For å kome oss dit, gjorde me det lettvint og meldte oss på ein tur i regi av hostellet, med transport og engelsktalande guide. Guiden var ei blid kinesardame som kunne fortelje oss litt av kvart om dette store arkeologiske funnet som blei tilfeldig oppdaga i 1974 av ein bonde på leit etter vatn. Lonely Planet kan fortelje at Terracottahæren blei laga for ca 2000 år sidan av Kina sin første keisar, Qin Shi Huang, for at dei skulle stå vakt over sjela hans etter hans død. Arbeidarane som laga desse leirefigurane, gjekk truleg saman to og to, og kopierte kvarandre sine fjes. Kvar statue er laga i verkeleg storleik, og kan vise til mange forbløffande detaljar, som fingerneglar, mønster under skoen o.l., og absolutt ingen av dei er like i ansiktet sitt! Arbeidarane blei så tatt av dage, alle mann, av keisaren som ville ha denne hemmelegheita med seg i grava. Det er trudd at det eksisterar ca 8000 soldatar i dei områda dei har gjort utgravingar i til no, men alle blei funnen knust i mange bitar, forutanom ein som dei har funne heil. Det har blitt lappa saman ca 2000 statuar til no, og kvar dag etter kl. 18, då turistane forsvinn, fortset arkeologane arbeidet sitt med dette. Fire typar soldatar har blitt funnen; offiserar, generalar, bueskyttarar og hestemenn (med hestar!), og utsjånaden og alle detaljane på statuane kan fortelje kor høgt ranka kvar soldat var. Alt som blei avdekka hadde fine sterke fargar på seg, men det tok visst ca berre 1,5 time før oksygenet i lufta hadde fått dei til å forsvinne.


Etter denne fantastiske opplevinga, drog heile turfølget og åt lunsj i lag. Denne bestod av mange kjøtt- og grønsaksrettar, samt eit par supper, på deling i lag med ris, noko som smakte veldig godt etter ein lang og innhaldsrik dag. Etterpå bar det tilbake til byen igjen i minibussen, og me slukna rimeleg tidleg den kvelden.

1 kommentar:

  1. Vi har no fønni ut at det e ca 28 grader i Thailand. Vi e nesten ikke misunnelig...

    SvarSlett